Hopp til innhold

Køyrde på parkert bil

Ein uheldig bileigar oppdaga i kveld at nokon hadde køyrt på bilen hans medan den stod parkert på grusplassen ved Handelshuset i Førde. Dette skal ha skjedd i tidsrommet mellom klokka 17 og 18.45. Den som køyrde på har ikkje meldt frå, og bileigar kjem til å melde saka. Politiet ber folk som veit noko om å ta kontakt på telefon 02800.