Stakk av etter å ha skada jente

Ein kvinneleg joggar vart i går kveld frakta til Førde sentralsjukehus med brot i ein ankel. Politiet etterlyser bilen som trefte ho.

Politibil

DRAMATISK: Ei jente i tenåra vart liggande att med brotskader etter bilen trefte ho i gangfeltet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ei jente i tenåra var ute og jogga i Førde, oppe ved rundkøyringa ved Plantasjen, seier operasjonsleiar hjå politiet, Espen Gulliksen.

Rundt klokka 20.00 tysdag kveld vart joggeturen dramatisk.

– I eit fotgjengarfelt vart ho påkøyrd av ein bil. Bilen drog frå staden utan å stogge. Jenta måtte på sjukehuset og opererte eit brot i ein ankel, seier Gulliksen.

Etterlyser grå familiebil

Politiet ser alvorleg på hendinga.

– Det er ulovleg. Det kvalifiserer klart til eit beslag av førarkortet. Vi etterforskar saka, seier Gulliksen som no etterlyser ein bil dei førebels ikkje veit så mykje om.

– Vi er på utkikk etter ein grå familiebil, ein litt høg familiebil. Det er det vi veit så langt.

Vil ha tips

For å kome i kontakt med bilføraren som trefte jenta i fotgjengarfeltet, ber politileiaren om hjelp frå folk.

– Vi er opne for å ta i mot tips i saka. Det vil vi gjerne ha frå vitne eller andre, seier Gulliksen.

Laster kart, vennligst vent...