NRK Meny
Normal

Køyrde på hus på Ålhus

Ein bil køyrde i morgontimane laurdag inn i eit hus på Ålhus.

politi illustrasjon
Foto: Kyrre Lien / Scanpix

– Det var to personar i bilen, men det er ikkje meldt om personskade. Det er uklart kva som har skjedd, men det er ikkje mistanke om promillekøyring, seier Olaug Holme ved politiet sin operasjonssentral.

Uhellet skjedde på E39, og bilen var ikkje køyrbar etter uhellet. Eit vindauge i huset vart også knust i samanstøyten.

Laster kart, vennligst vent...

UVISST: Det er ikkje mistanke om promillekøyring etter trafikkuhellet på Ålhus, og det er uklart korleis uhellet har skjedd, seier politiet.

To menn måtte fraktast heim av politiet

Politiet måtte også hanskast med to slåsskjempar i 20-åra som bråka og slåst på eit hotellrom i Førde. Ingen kom til skade under basketaket, og dei to vart viste vekk frå hotellet.

I Florø køyrde politiet ein rusa mann i 60-åra heim etter at han hadde problem med å ta seg fram til fots, skriv politiet på Twitter.

Også i Førde måtte ein rusa mann få hjelp av politiet for å kome seg heim, etter at han vart observert gåande midt i vegbana på E39 ved Bruland.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast