Hopp til innhold

Køyrde på geitekilling og stakk

– Om ein forårsakar slik skade på eit dyr og berre køyrer vidare, det synest eg er forkasteleg, seier Anne Johanne Bjordal som fann geitekillingen døyande i vegbana.

killing påkøyrt

PÅKØYRD: Ein bukkekilling vart påkøyrd mellom Lånefjorden og Nessane i Balestrand onsdag. Føraren av bilen hadde køyrt vidare.

Foto: Anne Johanne Bjordal / Privat

Anne Johanne Bjordal var på veg frå Lånefjorden til Nessane med ungane som skulle i barnehagen, då ho oppdaga den påkøyrde geitekillingen i vegen.

– Det var blod i heile vegbana. Mora stod over og sleika killingen som låg der og sprella. Så eg stoppa, så klart, fortel Bjordal.

Ho er opprørt over at nokon har køyrd på killingen utan å stoppe for å sjå til korleis det gjekk med det vesle dyret.

Vanleg med geiter på strekninga

Anne Johanne Bjordal fortel at dei fleste fastbuande er klar over at det ofte er geiter langs denne strekninga. Når det er vinter og geitene kjear, vil dei helst halde seg i låglandet.

anne Johanne bjordal

DYREVEN: Anne Johanne Bjordal er aktiv i Dyrebeskyttelsen. Ho håpar engasjementet saka har vekt sender eit signal til sjåførar som er uheldige å køyrer på dyr om at dei er pliktige til å hjelpe.

Foto: Privat

Bjordal er aktiv i Dyrebeskyttelsen, og påpeiker at menneske har plikt til å hjelpe når dei ser dyr som lir.

Ho fortel at det var tydeleg at livet til den vesle geitebukken ikkje var til å redde.

– Eg prøvde å finne ein stein for å slå han i hel, for at han skulle sleppe å lide. Men då eg fann ein passande stein var den allereie død.

Anne Johanne Bjordal delte bilda av killingen i eit innlegg på Facebook. Der har saka vekt mange reaksjonar.

Håpar engasjementet sender ei melding

– Det er klart at det kan vere vedkomande som køyrde på killingen hadde ein stor bil og ikkje merka det. Men om vedkomande var klar over at det skjedde og køyrde vidare, så håpar eg sjåføren ikkje har det så godt inni seg no, seier Bjordal.

Ho håpar det sender ei melding til alle at så mange har delt og reagert på innlegget.

– Det gir eit signal om at slik oppførsel ikkje er greitt. Så kanskje nokon tenker annleis om det og veit kva dei må gjere om dei er ute for ei slik ulukke sjølv, seier ho.

Bjordal melde sjølv frå til bonden som eigde killingen.

– Og så må eg seie at geitene som lever her i området har det veldig bra, og er utruleg heldige som får vere ute så mykje. Så det er viktig at sjåførar i området er merksame på at det kan vere dyr i vegen her, legg ho til.

Dersom du er uheldig og køyrer på eit dyr i trafikken kan du melde frå til desse etatane:

  • Viltnemnda (sjekk telefonnummer på heimesida til kommunen du er i)
  • Politiet (Tlf 02800)
  • Vegtrafikksentralen (Tlf 02030)

Dette gjør du hvis du kjører på et dyr i trafikken