Hopp til innhold

Køyrde moped med 0,85 i promille og passasjer bakpå

Ein mann i 30-åra er dømd til 18 dagar fengsel på vilkår og ei bot på 40.000 kroner for å ha køyrt moped med 0,8 i promille over ein lengre strekning, med ein passasjer bakpå.

Fjordane tingrett 12
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var i mai i år at mannen vart stogga av politiet medan han køyrde moped i rusa tilstand. Blodprøven, som synte ein alkoholkonsentrasjon på 0,85, vart teken vl ein time etter at mannen vart stoppa.

Mister lappen i 19 månadar

Mannen tilstod utan atterhald i retten. Retten la i skjerpande retning vekt på at mannen køyrde over ei lengre strekning, og at mannen i tillegg hadde ein ulovleg passasjer, då mopeden ikkje var registrert for meir enn éin person, inkludert førar.

Mannen vart i tillegg dømd til tap av førarretten i 19 månadar. Mannen må også ta full ny førarprøve.