Hopp til innhold

Køyrde minst 15 gonger utan lappen

Sunnfjordingen i 40-åra sette seg bak rattet, sjølv om han ikkje hadde førarkortet. Han kjøpte også narkotika. No er han dømd i tingretten.

I fjor vår kjøpte han 20 gram hasj av ein kjenning. Mannen meinte at prisen var litt høg, difor fekk han med fire «luringar» på kjøpet, ifølgje dommen. Dette viste seg å vere Rivotril-tablettar, men han hevda i retten at han ikkje visste kva slags tablettar han hadde fått og at han difor ikkje kunne dømmast for dette.

Sunnfjordingen tilstod derimot hasjkjøpet, og at han hadde brukt hasj to-fire gonger i månaden.

For over ti år sidan mista sunnfjordingen førarretten for alltid. Han søkte om å få han tilbake, men fekk avslag.

Politiet fekk gjentekne gonger tips om at mannen likevel var ute på køyretur. Talet på turar er det usemje om, men retten landar på at det har skjedd minst 15 gonger i løpet av seks månader i fjor.

Mannen er tidlegare dømd fleire gonger, mellom anna for vald, narkotikalovbrot og brot på vegtrafikklova.

Retten meiner at å køyre utan førarkort, viser total mangel på respekt for lova.

I formildande retning la dei vekt på at mannen tilstod deler av forholda og at det tok fleire månader før tiltalen blei teken ut.

På bakgrunn av personlege forhold, har retten under tvil kome fram til at samfunnsstraff er det rette i dette tilfellet. Mannen blei dømd til 30 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 90 dagar. Han må også betale 4000 kroner i sakskostnader.