Hopp til innhold

Køyrde med usikra stålplater

Ein lastebilsjåfør vart meld til politiet under ein kontroll ved Kjøs på riksveg 15. Sjåføren køyrde med to usikra ståplater på lasteplanet som. Platene vog til saman 600 kilo. Ein annan sjåfør vart politimeld for å ha køyrt med 2700 liter diesel i ein ikkje godkjent tank på lastebilen utan at bilen var godkjent. Sjåføren hadde heller ikkje løyve til å drive slik transport, opplyser Statens vegvesen.