Hopp til innhold

Køyrde med usikra born

Ein yrkessjåfør i 40-åra må betale 2000 kroner i bot etter at han i mars i år vart stogga med eittåringen sin usikra i passasjersetet. Påtalemakta meinte hendinga var så alvorleg og risikofull at dei la ned påstand om 9000 kroner i bot, og førarkortbeslag i seks månader. Verken forsvarar eller Sogn tingrett fann heimel til eit slikt krav.