Hopp til innhold

«Det var den typiske: Eg skal berre køyre eit lite stykke»

Forklaringa på den oppfinnsame måten å frakte material på, er ei Vegvesenet sine kontrollørar høyrer stadig vekk. No er den unge føraren politimeld.

Slik frakta den unge mannen i Stryn fjølene med seg i bilen

DETTE ER IKKJE LOV: Og sjåføren forstod også kvifor Vegvesenet i helga stoppa han i sentrum av Stryn.

Foto: Statens vegvesen

– Då vi såg dette tenkte eg berre at dette må vi få ut av vegen før det går gale for han sjølv, seier overingeniør Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen.

Dei stilte mannsterke i Stryn i helga i samband med Stryn Motorfestival. Både fredag og laurdag hadde dei kontroll i sentrum, og det var fleire ting å sette fingeren på.

– Mannen som frakta plankane hadde lagt ned seteryggen i førarsetet, før han hadde sett plankane inn vindauget bak og fram i passasjersetet framme. Han sat med plankane som seterygg, der plankane stakk vel 30 centimeter ut frå bilen, fortel Henjesand.

– Hadde han treft noko med plankane, ville ryggen hans vore av, seier kontrolløren som meiner sjåføren sette både seg sjølv og andre i fare.

Sju stoppa med ulovlege seinkesett

I løpet av kontrollen fekk 27 køyretøy bruksforbod på grunn av ting som sotfilm på siderutene, gjenstandar i frontrutene, feil på lys, store oljelekkasjar, feil felgar og utslitne dekk. Også ulovleg seinka bilar vart slått hardt ned på.

Henjesand seier dei stadig kjem over bilar der eigarane har kappa fjørene for å få bilen lågare, i staden for å bruke lovlege seinkesett.

– Dei som endrar på bilen sin ved å kappe fjørene, tek på seg eit stort ansvar om dei kjem i ei ulukke og gjer skade på seg sjølve eller andre. Då sit ein i det, og vil få skulda for det som har skjedd, seier Henjesand.

Gjer det på ein lovleg og sikker måte

Sju bilar vart avskilta fordi dei var ulovleg seinka. Og dei grovaste tilfella kan også ende opp med å bli politimelde. Henjesand seier risikoen ved å kappe fjørene blant anna er at føraren kan miste styringa på bilen

– For dei som har interesse for bil og som vil byggje om bilane sine, er det heilt fint å gjere, så lenge dei gjer det på ein lovleg og sikker måte.

Vegvesenet slo også ned på førarane som har fylt opp frontruta med ting og tang.

– Dette er forstyrrande i siktsona når ein skal køyre bil, så det måtte dei fjerne før dei fekk køyre vidare.