Køyrde lastebil rusa

Ein sogning i 30-åra er dømd for ei farleg forbikøyring med lastebil og hengar, og i ruspåverka tilstand. Mannen vart stoppa i august i år etter ei forbikøyring på Austlandet. Han må no betale 30.000 kroner i bot, samt klare seg 20 månader utan førarkort.