Køyrde inn i steinmur

Ein bil fekk skrens på sleipt føre og køyrde inn i ein steinmur ved Bjørnabakktunnelen på rv. 5 mellom Skei og Fjærland, opplyser politiet. Det er ikkje meldt om personskade. – Det var to personar i bilen. Desse blei sendt til lokal legevakt. Bilen har skadar i fronten, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen.