NRK Meny
Normal

Køyrde i tunnelveggen

Ein person vart send til legesjekk i Stryn etter at ein bil køyrde i tunnelveggen i Oppljostunnelen på rv. 15 på Strynefjellet.

Oppljostunnelen
Foto: Statens kartverk

Politiet fekk melding om ulykka klokka 14.36.

– Ein bil med ein person har køyrt ut fjellveggen nær utgangen av Oppljostunnelen, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Riksveg 15 over Strynefjellet var stengd i om lag to timar etter uhellet i påvente av bilberging.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser