Hopp til innhold

Køyrde i skytteltrafikk for å få folk heim

Då brua var stengd, og Måløy var isolert, tok ikkje skipperen på MB «Øyglimt» betalt for å frakte folk heim eller på jobb. I timevis gjekk snøggbåten i skytteltrafikk for å hjelpe til under uveret.

Kø ved Øyglimt

LANG KØ: Mange ville over Ulvesundet mellom Måløy og fastlandet då brua var stengd.

Foto: Stig Silden

Måløybrua var stengd mange timar i går, både på grunn av kraftige vindkast og at ein lastebil velta på brua. Dette førte til at mange ikkje kom seg heim frå skulen og til og frå jobb. Det var lange køar med bilar på begge sider av brua.

Stig Silden, som er ein av dei som driv båten Øyglimt, bestemte seg for å hjelpe til. Dei enda opp med å køyre i skytteltrafikk mellom Måløy og Kulen på fastlandet då brua blei stengd.

Mange ville over

Det starta med at han ville ha heim dottera som går på ungdomsskulen i Måløy.

– Ho ville ha med nokre venner. Det blei fleire og fleire, og rykta byrja å gå om at vi skulle over. Mange ringde og spurde om å få sitje på. Det sa eg ja til.

Det blei så mange at vi bestemte oss for å gå i rute fram og tilbake. Silden fortel at dei gjorde det gratis og at ingen bad dei om det.

– Eg ser på det som samfunnsdugnad. Det stod så mykje folk som ikkje kom seg vekk. Dette sette folk pris på, og dei tykte det var kjekt at nokon fekk dei over fjorden.

Ruta til Øyglimt på Marine Traffic

SKYTTELTRAFIKK: Slik såg det ut då Øyglimt frakta passasjerar fram og tilbake over UIvesundet.

Foto: Marine Traffic

Får betalt likevel

I går kveld fekk han ein telefon frå rådmann Terje Heggheim i Kinn kommune.

– Han tykte dette var svære greier og takka oss for initiativ og handlingskraft. Han lurte på om vi fekk pengar, men eg sa vi gjorde det utan å fakturere nokon. Men eg sa at om nokon ville betale, så ville vi setje pris på det.

Heggheim seier kommunen set stor pris på initiativet til Silden, for kommunen har ikkje tiltak som handlar om båtransport i planane sine. Fleire hundre personar blei frakta over Ulvesundet i går, fortel han.

– Dette var også til god hjelp for kommunen, for vi fekk gjennomført vaktskifte ved omsorgsinstitusjonar. Tilsette kom seg frå arbeidsstaden samstundes som andre kom seg heim.

Heggheim seier dei no har gjort ein avtale med Øyglimt om at dei kan kontaktast når Måløybrua er stengd i lengre tid.

– Dette gjeld når det blir stengd i lengre periodar på ei tid på døgeret når vi veit at dette kan gå ut over kommunen, næringsliv og andre. Det er viktig med ei reserveløysing, spesielt i ei tid på døgeret der mange skal heim.

ØYGLIMT: Båten blei brukt for at folk skulle komme over sundet. Foto: Harald Kolseth, NRK