Hopp til innhold

Køyrde i grøfta med sjeldan høg promille

Med ein promille på 2,53 har mange problem med å halde seg på beina. Nordfjordingen i 30-åra sette seg i bilen.

Mannen er no dømd til fengsel i 30 dagar og 46.000 kroner i bot. Han må også klare seg to år og seks månader utan førarkort.

Trafikkjurist Besforta Lajqi ved politiet i Sogn og Fjordane, seier at ein promille på 2,53 er sjeldan høgt.

– Det går heldigvis lenger tid mellom kvar gong vi kjem over så høg påverknadsgrad. Det vanlege er lågare promille enn dette, seier ho.

Enda i grøfta

Lajqi seier at dei høgaste promillane oftast blir avdekka på kveldstid. Promillen «dagen derpå» plar vere lågare.

Oslo Universitetssykehus gjorde i fjor nær 8.000 analysar for politiet av bilførarar som var mistenkte for ruspåverka køyring.

Statistikken seier ikkje noko om kva promille som er mest vanleg.

Derimot er det klart at auka impulsivitet, redusert feilkontroll, forlenga reaksjonsevne, redusert sanseoppfatning, nedsett koordinasjon og svekka vurderingsevne er blant følgjene av alkoholkonsum.

– Tek større sjansar

Køyreturen som nordfjordingen la ut på i 03-tida ei oktobernatt i fjor, enda i grøfta etter kring ein kilometer. Ingen vart skadde i uhellet.

Assisterande fylkeslege Jacob Andersen seier på generelt grunnlag at alkoholpåverknad av ein slik karakter sløvar sansane.

– Ein tek gjerne større sjansar enn når ein er edru og blir i dårlegare stand til å reagere og tilarbeide impulsar, seier han.

– Folk reagerer ulikt. Nokre går i golvet. Andre kan vere overraskande velfungerande, men det er ingen tvil om at ein ved ein slik påverknad ikkje bør vere i trafikken, legg Andersen til.

Straffeskjerpande

Nordfjordingen la alle korta på bordet, og saka gjekk for Sogn og Fjordane tingrett som tilståingsdom.

Etter vegtrafikklova skal promille på over 1,6 straffast med mellom 21 og 36 dagar. Ved særskilt høg promille kan retten frådømme tap av førarkort i over to år.

– I saka her er det skjerpande at køyringa har skjedd med særskilt høg alkoholpromille på 2,53 som er påvist ved blodprøve, samt at køyringa enda med trafikkulukke med skade på bilen, skriv dommarfullmektig Torjus Muri Lundevall.