Køyrde i fylla til gravferd

Med 0,59 promille i blodet køyrde nordfjordingen i gravferda til naboen. No er han dømd til fengsel i 21 dagar og ei bot på 10.000 kroner.

 

I tillegg mister han førarkortet i 18 månader.

Det var i fjor haust at 59-åringen skulle i gravferd til naboen. Før han sette seg i bilen for å køyre i kyrkja drakk han eit glas med utblanda vodka som han hadde ståande på bordet frå kvelden før. Med seg i bilen hadde han også to passasjerar på den to-tre kilometer lange køyreturen til kyrkja.

Då nordfjordingen etter gravferda kom ut att i bilen, stod politiet klare og pågreip mannen for promillekøyring.

Mannen har tilstått at han køyrde med promille. Han er tidlegare dømd for promillekøyring tre gonger.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.