NRK Meny
Normal

Køyrde i fylla og hamna utfor vegen

No må kvinna frå Sogn i fengsel.

Den 14. juni i sommar køyrde kvinna med ein promille på 1,12 på E6 ved Fjerdingen i Grong i Nord-Trøndelag. Turen enda etter kring ei halv mil då ho køyrde utfor vegen.

Kvinna i slutten av 20-åra har no tilstått i Sogn tingrett. Retten la også til grunn at det tok over fire timar frå kvinna køyrde bilen i halv femtida om morgonen, til det vart teke blodprøve.

Kvinna køyrde med ein fart på mellom 80 og 90 kilometer i timen, og køyringa enda i ei ulukke der bilen vart totalvrak.

– Det står fram som eit lukketreff at sikta sjølv kom frå ulukka utan større skader, går det fram i dommen frå Sogn tingrett.

No er sogningen dømd til fengsel i 24 dagar. I tillegg må ho betale ei bot på 24.000 kroner. Klarar ho ikkje å betale bota må ho sone 15 dagar i fengsel i staden. Kvinna må også klare seg utan førarrett i to år og to månader.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser