Det var klokka tre om natta at politiet fekk melding om at ein trailer både dundra inn i autovernet og køyrde ned skilt i Flåm.
Sjåføren, som er i byrjinga av 30-åra, vart pågripen og teken med til lege for blodprøve. Politiet opplyser at dei ser svært alvorleg på køyring i påverka tilstand med eit så stort og tungt køyrety.