Hopp til innhold

Køyrde i fjellveggen

To personar kom lettare til skade då ein bil hamna i fjellveggen på riksveg 60 mellom Innvik og Utvik. Dei to mennene i 30- og 40-åra er sett i arresten.

Det var berre eit køyretøy som var innblanda i ulukka.

– Føraren har mista kontrollen over bilen og køyrt i fjellveggen, seier operasjonsleiar Hans Petter Harlem ved politiet.

Til legesjekk

Dei to personane er sende til Sandane for legesjekk.

– Det skal vere snakk om moderat og lettare skader, seier han.

Mistanke om rusa køyring

Politiet har framstilt føraren for lege då det er mistanke om at førar var påverka under køyring.

Det er beslaglagt ei mindre mengde hasj og amfetamin på både førar og passasjeren og begge er sette i arresten.

Stoppa av vegarbeid

Brannvesenet og den eine ambulansen kom raskt til staden, men politi og ein annan ambulanse som kom frå den andre sida vart forseinka på grunn av vegarbeid.

– Brannvesenet var først og tok hand om ulukkesstaden på ein god måte. Det var ikkje fare for liv og helse, seier han.

– Ikkje optimal situasjon

Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde seier dei har ein beredskapstelefon med Statens Vegvesen i samband med stenginga, men at kommunikasjonen i går ikkje var optimal.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 22:15.