Hopp til innhold

Køyrde i eit tre - to til sjukehus

To personar vart sende til Lærdal sjukehus etter at ein bil køyrde i eit tre laurdag morgon.

Ulukka skjedde like ovanfor Øvre Årdal i retning Tyin.

- Vi trudde først det berre var ein førar som var involvert i ulukka, men etterkvart fann vi ut at det har vore ein person til i bilen. Begge er no sende til sjukehus, men dei skal ikkje vere alvorleg skadde, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Leif Bell.

Bilen skal først ha vore borti autovernet, før den traff eit tre.

- Vi har mistanke om at dei har køyrt i påverka tilstand, og har teke blodprøve av mennene, seier Bell.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 06.44