NRK Meny
Normal

Køyrde i busskur - fråteken førarkortet

Ein 27 år gamal mann er mellombels fråteken førarkortet etter eit trafikkuhell i Flora torsdag kveld.

Laster kart, vennligst vent...

BUSSKUR: Mannen i 20-åra var på veg austover mot Førde då han køyrde i busskuret.

Mannen var på veg austover på riksveg 5, då han mista kontroll på bilen og køyrde i eit busskur på motsett side av vegen ved Mekevika like utanfor Florø.

Han melde sjølv frå om uhellet klokka 2334. Det var ein periode redusert framkommelegheit på staden.

– På bakgrunn av forholda på staden vart han fråteken førarkortet, seier Sunniva Dybvik ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ikkje mistanke om promille

Mannen var åleine i bilen og meinte sjølv at han var uskadd. Han vart likevel sendt til Førde sentralsjukehus for kontroll. Fredag morgon opplyser AMK ved sjukehuset at mannen kom uskadd frå uhellet.

Dybvik kan ikkje seie kva mannen sjølv har forklart om hendinga.

– Men det er ikkje mistanke om promille, presiserer ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.