Hopp til innhold

Køyrde i autovernet

Ein lastebil har køyrt i autovernet på E39 ved Svidalsneset i Jølster. Ingen personar kom til skade. Ifølgje politiet sin operasjonssentral skal det vere slapseføre på staden. Uhellet fører ikkje til trafikale problem, og naudetatane rykker ikkje ut.