Hopp til innhold

Køyrde i 62 timar utan å kvile

Statens vegvesen har dei to siste dagane stogga tre vogntogsjåførar for grove brot på køyre- og kviletida.

Skilt til kontroll for tunge køyretøy

MANGE LOVBROT: Statens vegvesen sine kontrollørar på Håbakken har stogga fleire vogntog for brot på køyre og kviletida.

Foto: Rune Fossum / NRK

Onsdag ettermiddag stogga kontrollørane eit vogntog på Håbakken som hadde køyrt i 62 timar utan godkjent kvile.

– Den lengste kvileperioden sjåførane har hatt, sidan sundag då turen starta, var på fem timar, seier Thormod Gausdal, som er seksjonsleiar i Statens vegvesen.

Sjølv om dei er to sjåførar som deler på køyringa, skal køyretøyet stå i ro åtte timar i døgeret. Det har ikkje skjedd i dette tilfelle.

– Dei har valt å ikkje bruke den såkalla «tosjåførordninga», og dei to sjåførane registrerer køyretid uavhengig av kvarandre, for å prøve å omgå regelverket, seier Gausdal.

Stort problem

Brot på køyre- og kviletid er eit stort problem. På kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal stoggar dei fleire bilar kvar einaste veke. Tysdag vart ein rumensk sjåfør stogga. Han hadde då hatt berre fire timar kvile på 35 timar. Det resulterte i eit førelegg på 17 000 kroner.

– Det var ein sjåfør som køyrde åleine i bilen, men der vi har mistanke om at han også har eit sjåførkort som høyrer til ein annan person. Det brukar han for å skjule at han ikkje tar dei naudsynte pausane, seier Gausdal.

Fare i trafikken

Gausdal er svært uroa over at så mange bryt køyre- og kviletidsreglane, noko han meiner går på trafikktryggleiken laus.

– Her sit vi med sjåførar som er trøytte og slitne. Ein trøtt sjåfør kan du på mange måtar samanlikne med ein sjåfør som er rusa på narkotika eller alkohol. Du oppfattar og reagerer seinare på det som skjer rundt deg i trafikken, seier Gausdal.