Hopp til innhold

Køyrde i 117 km/t

Ein bilførar måtte levere frå seg førarkortet då politiet hadde laserkontroll på riksveg 5 ved Eikefjord i dag. Vedkomande køyrde i 117 kilometer i timen i 80-sona. I tillegg skreiv politiet ut ni forenkla førelegg, av dei var det ein som køyrde i 110 kilometer i timen. Ein bilførar fekk utslag på lågpromille og måtte vente før han fekk køyre vidare.