Hopp til innhold

Køyrde gjennom byen med 2,56 i promille

Sunnfjordingen i 50-åra var langt frå edru då han sette seg bak rattet. Til alt hell vart køyreturen stogga før det kunne gått skikkeleg gale.

Førde på kveldstid

KVELDSPROMILLE: Det var ikkje utan grunn at sunnfjordingen i 50-åra køyrde vinglete gjennom Førde sentrum ein fredagskveld i mars.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det var i mars i år at politiet i Førde rykte ut og stogga bilføraren etter tips frå publikum.

Patruljen fekk raskt svar på kvifor bilen køyrde vinglete, trefte murkantar og nesten krasja i ei trafikkøy på E39.

– Svært ustødig, snakka med snøvlete tale og hadde blanke "symjande" auge, skildra ein av betjentane då sunnfjordingen i 50-åra møtte i Fjordane tingrett.

Utandingsprøve kring 40 minuttar etter køyreturen, viste at mannen hadde køyrt gjennom byen med ein promille på 2,56. Fjordane tingrett understrekar at det i 20-tida på ein fredag er mykje trafikk på vegane i Førde.

Sunnfjordingen, som for 30 år sidan fekk sin første av to tidlegare promilledommar, erkjende forholdet og vedgjekk eit problematisk forhold til alkohol.

Mannen sa seg motivert til å gjennomføre eit program mot køyring i rusa tilstand, og fengselsstraffa på 36 dagar vart på dette vilkår utsett med prøvetid på to år. Mannen må også betale 15.000 kroner i bot, og klare seg utan førarkort i fire år.