NRK Meny
Normal

Kristian (10) låg i vegbana - mange bilar køyrde berre forbi

Fire bilar køyrde forbi då 10 år gamle Kristian Jenssen velta på sykkelen og blei liggjande i vegen. Ingen av dei stoppa for å hjelpe den skadde guten.

Kristian Jensen og Ellen Marie Eielsen

PÅ ULUKKESSTADEN:Kristian Jensen og Ellen Marie Eielsen er sjokkerte over at fleire bilistar køyrde forbi utan å stoppe.

Foto: David E. Antonsen, Firdaposten.

Det er Firdaposten som fortel om den uheldige guten frå Florø. I fallet mista han tre tenner, ei tann blei knust og han blødde frå munn og nase.

– Ingen ville stoppe for å hjelpe meg. Det var slemt, seier han.

Landa med ansiktet i asfalten

Han hadde vore hos ein kamerat og var på veg heim langs fylkesvegen. Ein pose på sykkelstyret kom inn i framhjulet, og Kristian ramla av sykkelen. Han landa med ansiktet først på den harde asfalten. I fleire minutt låg guten i ein blodpøl medan bilane susa forbi.

– Eg er ikkje heilt sikker på om eg svima av, men eg trur ikkje det. Eg blødde mykje, og vi fann eine tanna lenger borte i vegen.

Men sjølv om guten låg i vegen medan blodet rann, køyrde bilar forbi utan å stoppe. Til slutt stoppa Arne Loftheim frå Svelgen. Han såg guten som låg i vegbana.

– Han var medviten, men tydeleg prega. Guten byrja å leite etter tennene sine, fortel Loftheim til avisa.

Skryt av han som stoppa

Han fekk gitt beskjed til mora til guten og køyrde han deretter heim. Mamma Ellen Marie Eielsen er glad for at Loftheim stoppa. Ho tykkjer det er ufatteleg at folk berre køyrde forbi.

– Loftheim fortener ros fordi han stoppa, seier ho.

Skal stoppe for å hjelpe

Vegtrafikklova seier at kvar og ein som er med i, eller er vitne til eit trafikkuhell, straks skal stoppe og hjelpe. Politiadvokat Sissel Kleiven seier at sidan guten ikkje blei påkøyrd, var det heller ingen som stakk frå ulukkesstaden.

– I utgangspunktet har bilistar plikt til å stoppe og hjelpe, men det betingar også at dei forstår kva som har skjedd. Bilistane nok ville stoppa om dei visste at guten var utsett for ei ulukke, seier ho til Firdaposten.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen