Køyrde forbi barneskule med skyhøg promille

Med ein promille på over 2,2 køyrde sogningen forbi barneskulen for å kjøpe øl. Då politiet kom, lova han at førarkortbeslaget skulle bli det siste dei gjorde.

Sogn og Fjordane tingrett

DØMD: Mannen erkjende straffskuld for at han med skyhøg promille køyrde både bil, krasja og trua politiet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

No er mannen i 30-åra dømd til fengsel i 50 dagar etter den over ein mil lange køyreturen i februar i år.

Sogningen hugsa ikkje sjølv turen, men hadde vage minne om at han vart køyrt til legekontoret av to politibetjentar.

Då hadde mannen krasja i fleire bilar inne på parkeringsplassen til eit kjøpesenter. Og samstundes som foreldre skulle hente born frå skulen, observerte vitne han suse forbi barneskulen i høg fart.

Sperra bilen inne

Vitnet la seg på hjul og sperra bilen inne på parkeringsplassen, slik at politiet fekk ein lettare jobb med å leite opp mannen. Då den lokale tenestestadsleiaren tok lommeboka for å beslaglegge førarkortet, uttala mannen at «det blir det siste du gjer».

Sogn og Fjordane tingrett viser til at køyreturar med promille på over 1,5 i utgangspunktet skal straffast med fengsel i mellom 21 og 36 dagar.

Mannen hadde ein promille på minst 2,24.

– Det er veldig høg promille, og markant over grensa for det som vert rekna som høgpromille, skriv dommarfullmektig Vegard Gjertsen.

Retten la i straffeskjerpande retning at køyreturen gjekk nær ein skule på eit tidspunkt der foreldra henta borna sine, at han køyrde i sentrum av sognebygda og at han køyrde i nærleiken av, og inne på, parkeringsplassen til eit kjøpesenter.

– Vidare legg retten vekt på at tiltalte har køyrt ei høvesvis lang strekkje, og at han i løpet av køyreturen var involvert i ei trafikkulukke, skriv retten.

Meld for ny trussel

Mannen har utfordringar, og har fått tildelt både ruskonsulent, verje og arbeidspraksis. Likevel meinte retten at mannen ikkje er i ein etablert rehabiliteringssituasjon. Sidan februar er mannen også meld for ny trussel mot offentleg tenestemann og tjuveri.

Sogningen vart for fire år sidan frådømd førarkortet i to år. Denne gong blir mannen frådømd førarretten for alltid.

I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale 7.500 kroner i bot. Mannen stod også tiltalt for svindel etter at han fekk betalt for ein mobiltelefon han la ut for sal på finn.no. Mobiltelefonen sende han aldri, men retten kunne likevel ikkje sjå vekk frå at han hadde planar om å gjere det. Dermed vart han dømd for å betale tilbake dei over 4.000 kronene han hadde fått for mobilen.