Hopp til innhold

Køyrde fire mil med ein promille på 2,27

Sogningen i 60-åra meinte han ikkje kjende seg påverka. Alkoholinntaket, køyringa og blodprøven tyda noko heilt anna.

Det var i april i år at mannen sette seg bak rattet og køyrde dei kring fire mila til kommunesenteret.

Etter meldingar frå medtrafikantar fekk politiet raskt mistanke til kvifor mannen køyrde vinglete. Mannen vart framstilt for blodprøvetaking, som viste ein alkoholkonsentrasjon på 2,27 promille.

Ved så høg promille ser ein dobbelt og har problem med å gå oppreist. Den gir også symptom på forgifting og ingen sjølvkontroll.

Mannen erkjende forholdet og forklara at han dagane før køyringa hadde konsumert ei større mengd alkohol. Han vedgjekk også at han burde forstått at han var påverka.

Sogn og Fjordane tingrett la vekt på at køyreturen gjekk over ei lengre strekke og at delar av strekka ligg på ein sterkt trafikkert veg.

Den tidlegare ustraffa mannen må no 32 dagar i fengsel og betale 33.000 kroner i bot. Han må også klare seg utan førarkort i tre år.