Hopp til innhold

Køyrde feil i rundkøyringa - velta då han skulle snu

Ingen personar kom til skade då eit vogntog kvelva på riksveg 5, like utanfor sentrum i Lærdal i natt.

Trailervelt i Lærdal

HAMNA I GRØFTA: Eit vogntog velta i natt etter feilnavigering i Lærdal

Foto: Jan Christian Jerving

– Uhellet skjedde då føraren oppdaga at han køyrde feil i rundkøyringa ved Håbakken og skulle snu, seier Olaug Holme, som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Politiet fekk melding om uhellet like før klokka 0500. Vogntoget ligg i grøfta, og det skal ikkje vere trafikale problem.

– Men vegen kan bli stengd når vogntoget skal bergast, seier Holme.