NRK Meny
Normal

Køyrde bil i narkorus utan lappen - no mistar han sertifikatet i tre og eit halvt år

37-åringen køyrde bil i narkorus utan å ha korkje sertifikat eller registrert bil. No mister han sertifikatet i tre og eit halvt år. Han er også dømd til å betale 15.000 kroner i bot, samt 30 dagar fengsel på vilkår.

Fjordane tingrett 11
Foto: Arne Stubhaug / NRK

I januar i fjor var mannen på køyretur i Førde. Turen enda i grøfta på Moskog. Då politiet fekk tak i mannen, synte blodprøve teke av han fire timar etter uhellet, at han hadde ein promille tilsvarande 1,2 promille etter å ha teke det narkotiske stoffet Alprazolam.

Mannen hadde i tillegg ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 0,54 promille.

Fem månadar seinare var mannen også på køyretur. På kvelden 17. mai vart han stoppa av politiet. Då synte blodprøven ein konsentrasjon av narkotika i blodet tilsvarande ein promille på 0,5.

Vart dømd for aktlaus køyring

Begge køyreturane vart gjort medan mannen var utan førarkort. I tillegg køyrde han første gongen ein bil som ikkje var registrert og påsett lovlege kjennemerke, og dermed også utan vognkort.

Han vart også dømd for aktlaus køyring, då køyreturen i januar enda i grøfta på Moskog.

Påtalemakta la ned påstand om at mannen skulle miste sertifikatet for evig tid, då han hadde vorte teken for køyring i påverka tilstand kortare enn fem år sidan førre gong.

Mannen vart ved dom fråteken førarretten i to år, frå 14. juni 2008 til 13. juni 2010. Mannen har etter det ikkje fått att førarretten.

Også i juni 2009 vart han dømd for køyring i påverka tilstand. Berre tre og eit halvt år etter, vart mannen på ny teken då han køyrde i narkorus i Førde.

Frykta for å miste jobben

I retten la mannen fram dokumentasjon frå arbeidsgjevaren sin, og opplyste at dersom han ikkje fekk tilbake førarkortet innan rimeleg tid, så ville han kunne miste jobben sin.

Retten fann avgjerda vanskeleg, men peikte på at mannen hadde vorte domfelt for to tilfelle av køyring under påverknad av narkotika. Begge tilfella skjedde innan ein periode på fem år etter siste domfelling, noko retten såg alvorleg på.

37-åringen er inne i ei rehabilitering, og har over tid gitt urinprøvar til lege, utan at bruk av narkotika er vorte avdekt. Han blir også følgd opp av NAV og ruskonsulent.

Retten fann det difor passande å setje sperrefristen til tre år og seks månadar.

Mannen vart i tillegg dømd til å betale ei bot på 15.000 kroner.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.