Køyrde avskilta bil utan lappen

Ein mann i 40-åra frå Sunnfjord er dømd for å ha køyrd utan førarkort i ein bil med falske skilt. Mannen, som aldri har hatt førarkort, vart stoppa av politiet to gonger i vår. Han har blitt stoppa utan gyldig førarkort elleve gonger på få år. Mannen vart dømd til fengsel i 50 dagar, samt sperrefrist på å ta førarkort på seks månader.