Hopp til innhold

Tre til sjukehus etter utforkøyring

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

To gutar på 6 og 9 år ligg til observasjon på Førde sentralsjukehus etter ei trafikkulykke på riksveg 614 i Ålfotedalen/Sørdalen i Bremanger kommune.

Dei to unggutane skal ikkje vere alvorleg skadde. Føraren av bilen, ein 18 år gammal mann, har vore til legesjekk, men vart send heim. Alle tre er heimehøyrande i Flora kommune.

Køyrde på sommardekk

Ulykka skjedde like etter klokka 23 tysdag kveld. Det var lokalt slaps i vegbana i området og bilen var utrusta med sommardekk.

Politiet presiserer at det er for tidleg å fastslå om det er dette som er årsaka til ulykka. Politiet i Flora kjem til å etterforske ulykka nærare.