Køyrde av vegen på glatta

Ei kvinne i 70-åra er lettare skadd etter at bilen ho køyrde kom utfor vegen og krasja i eit tre ved Sygna i Gaular kommune. Politiet opplyser at det er store materielle skadar på bilen og at det er ekstremt glatt på staden.