Hopp til innhold

Køyrde av vegen i Magnhildskaret

Ein personbil måtte i føremiddag ha hjelp av bilberging etter å ha hamna utfor vegen i Magnhildskaret på fylkesveg 614 i Flora kommune. Det var to personar i bilen, ingen av dei skal ha kome til skade, opplyser augevitne til NRK. Uhellet har skjedd på ei kort strekke der det var glatt. Politiet har ikkje fått melding om hendinga.

Køyrde av vegen
Foto: Eva Westvik / NRK