Køyrde av vegen i fylla

Sunnfjordingen tok siste slurk i 05-tida om morgonen. Like etter, med ein promille på 1,63, sette han seg i bilen. No er mannen i 20-åra dømd til fengsel i 24 dagar etter utforkøyringa i september i år. Han må også betale 42.000 kroner i bot og klare seg to og eit halvt år utan førarkort.