Hopp til innhold

15-åring køyrde bil av vegen

Like etter klokka 21 fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt av vegen på E39 ved Håheimsvatnet i Jølster i Sunnfjord kommune.

Håheimsvatnet

E39: Ved Håheimsvatnet køyrde guten av vegen med familien sin bil.

Foto: Kart

Det var ein ambulanse som tilfeldigvis passerte staden som først såg bilen. Då den stoppa for å undersøke kva som hadde skjedd, og fann dei ein person i bilen.

Overraskinga var nok stor då det viste seg at føraren berre var 15 år.

– Guten er no køyrt heim til foreldra, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Han har ikkje fått melding om at det var glatt på staden.

– Det var berre ein person i bilen, men det skal ikkje vere snakk om personskade.

Uhellet har skjedd i 60-sona på E39 mellom Skei og Klakegg ved Håheimsvatnet. Bilen fekk ikkje større materielle skadar, og det er bestilt bilbergar for å rydde opp.

– Det blir oppretta sak og det blir følgt opp av lokalt politi, seier operasjonsleiaren.