Hopp til innhold

Køyrde av vegen

Klokka 0637 fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt av vegen ved Bryggja i Vågsøy kommune. Føraren av bilen hadde svinga unna ein hjort som stod i vegbana, og bilen hamna utfor vegen. Ifølge operasjonssentralen til Vest politidistrikt vart ikkje føraren skadd i hendinga. Hjorten slapp unna utan noko skade, men bilen vart henta av bergingsbil etter uhellet.