NRK Meny

Køyrde av vegen

To brasilianske turistar på motorsykkel har køyrt av vegen ved Faleide i Stryn. Sjåføren har kome frå det utan skadar, medan den kvinnelege passasjeren har smerter i magen, opplyser politiet. Kvinna vert send til sjukehuset i Volda for sjekk. Naudetatane er på staden. Trafikken går som normalt.