Hopp til innhold

Drakk alkohol til klokka 03.00 om natta - køyrde åtte kilometer til jobb i alkorus

Den 35 år gamle mannen og arbeidskollegaen drakk alkohol til langt på natt. På morgonen sette dei seg i bilen og køyrde åtte kilometer til jobb i Sogn. No må 35-åringen i fengsel i 21 dagar.

Fjordane tingrett 11
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mannen er også dømd til å betale ei bot på 10.000 kroner, og han får ikkje køyre bil i Norge på to år.

Det var i mai i år at den fuktige køyreturen fann stad. 35-åringen og ein kollega, som begge kjem frå utlandet, var komne til landet for å jobbe ved eit industrianlegg i Sogn.

Dei tok buss frå Bergen Lufthamn Flesland til der dei skulle i Sogn, og var ikkje framme før 00.30 på natta. Då sette dei seg til å drikke alkohol, før dei gjekk til sengs i 03-tida.

Vakna av at sjefen ringde

Begge skulle vere på jobb klokka 07.00 dagen etter, men forsov seg. Dei vakna først då sjefen deira ringde klokka 10.20.

35-åringen sette seg då bak rattet og køyrde dei åtte kilometrane til jobb.

Då dei to mennene var komne fram, mistenkte sjefen etter kort tid at dei var påverka av alkohol. 35-åringen fekk utslag på alkometer, og politiet vart tilkalla.

Det vart teke blodprøve, og denne synte ein alkoholkonsentrasjon på 1,4 promille klokka 13.50. Tilbakerekninga synte at 35-åringen må ha hatt ein promille på minst 1,65 då køyringa fann stad på føremiddagen.

Får ikkje køyre bil i Norge på to år

Retten peikar på at sjølv om det var snakk om ei relativt kort strekning, fann køyringa stad på dagtid medan det var andre på vegen. 35-åringen hadde også ein passasjer i bilen.

Aktor la ned påstand om 24 dagar fengsel, noko retten var samd i. Men ein fann det rimeleg å gje frådrag på tre dagar fordi mannen erkjende straffskuld utan atterhald.

35-åringen er i Fjordane tingrett dømd til 21 dagar fengsel. Han er i tillegg dømd til å betale ei bot på 10.000 kroner. Mannen er også frådømt førarretten i Norge i to år.