Yrkessjåføren mista førarretten i 2006 – dømd på nytt for å køyre utan førarkort

Den tidlegare yrkessjåføren mista førarretten både i 2006 og 2007. Sidan har han køyrt ulovleg i Norge.

Sogn tingrett
Foto: Arve Uglum / NRK
Oddleif Løseth
Journalist

Mannen i 50-åra møtte ikkje sjølv, men forklarte seg over telefon, då han måtte svare for åtte nye turar utan gyldig førarkort.

Fem av desse gongane vart mannen avslørt grunna automatiske trafikkontrollar, med fartsoverskridingar tilsvarande bøter på totalt 15.600 kroner – og sju prikkar.

Viste til EU-reglar

Sørlendingen erkjende å ha vore førar ved alle tilfella som var omtala i tiltalen, men nekta straffskuld då saka starta mot han i Sogn tingrett.

Dei åtte turane fann stad over store delar av landet, og i løpet av ein periode på 22 månader.

Til sitt forsvar meinte mannen at EU-reglane gjorde at hans svenske førarkort var gjeldande også i Norge.

Retten gav han rett i at svensk førarkort er i utgangspunktet er gyldig i heile EU.

– Retten til å køyre i Norge kan derimot ikkje bestå så lenge innehavaren ved dom av ein norsk domstol er frådømt retten til å føre motorvogn for alltid i Norge, skriv tingretten.

Frådømt førarretten

For mannen vart i 2006 dømd til fengsel i ni månader for mellom anna brot på trafikklova. Då vart han også frådømt retten til å køyre motorvogn i fem år. Året etter var ytterlegare trafikale lovbrot i tiltalen, då han vart dømd til fengsel i 120 dagar, der 30 var på vilkår.

Han vart då frådømt retten til å køyre motorvogn for alltid i Norge. Retten hadde ingen opplysningar som tilsa at mannen hadde fått denne tilbake.

Retten meinte at tiltalte ikkje kunne unnskyldast for å ha misforstått reglane, og viste mellom anna til beskjedar han tidlegare har fått ved tilfeldige trafikkontrollar.

– Tvert i mot finn retten det openbart at tiltalte bevisst har handla i strid med det han har fått beskjed om, skriv retten.

Fengsel i 90 dagar

Mannen avslutta nyleg eit kring 30 år lang karriere som transportarbeidar på norske vegar. På spørsmål om fartsoverskridingane, som var dokumentert med bilete, sa mannen at han hadde «viktigare ting å følgje med på enn speedometeret» når han sat bak rattet.

Sørlendingen er tidlegare domfelt 22 gonger i Norge og utlandet, samt bøtelagd ni gonger. 13 av dommane gjeld nettopp å køyre utan gyldig førarkort, medan han også er dømd for fleire promillekøyringar.

Fem av dommane er for brot på svensk vegtrafikklov.

Retten fann ingen formildande omstende og dømde mannen i tråd med aktor sin påstand: fengsel i 90 dagar. Han må også betale 5.000 kroner i sakskostnader.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.