Hopp til innhold

Køyrde 7,7 km på to og eit halvt minutt

I over 170 km/t susa motorsyklisten frå den sivile politibilen.

No er ein sunnmøring i 30-åra dømd til fengsel i 30 dagar for den hårreisande køyringa.

Susa frå politiet

For politiet fekk medhald hos Fjordane tingrett i at det måtte vere den aktuelle sunnmøringen som sat på motorsykkelen 16. september i fjor.

Ein politipatruljen la seg på hjul då motorsyklisten kom i høg fart i Austefjorden. Patruljen filma heile turen, men utan å kunne registrere kjennemerke på motorsykkelen.

Farten var ikkje over førarkort beslag fram mot Kvivstunnelen, men då auka motorsyklisten på. Fartsmålaren til politiet viste over 180 km/t, men morosyklisten drog likevel frå.

– Betydeleg risiko

Utrekningar gjort ut frå videoen viser at motorsyklisten la bak seg 7.703 meter på to minuttar og 35 sekund. Det gir ei snittmåling på 178,9 km/t. Retten la til grunn 170 km/t då saka mot sunnmøringen var oppe.

Retten la i straffutmålinga vekt på farepotensial med så høg fart.

– Å føre motorsykkel i så høg fart inneber betydeleg risiko for ulykker med alvorleg utfall, også om det skulle oppstå teknisk svikt med køyretøyet, skriv sorenskrivar Terje Mowatt.

Mobilen vart registrert

Politiet fekk tips om at det var sunnmøring som sat på sykkelen, men mannen har heile tida nekta for at det var han. Første forklaringa, to veker etter hendinga, hugsa ikkje mannen kva han hadde gjort på det aktuelle tidspunktet.

Retten sa seg derimot samd med politiet. Mellom anna har ulike basestasjonar registreringar av mannen sin mobiltelefon, som kan stemme overeins med videoopptaka som politipatruljen gjorde.

I tillegg til fengselsstraffa, må mannen klare seg 30 månader utan førarkort.