Hopp til innhold

Heile bygda stilte opp for KM-arrangøren

– Vikjane har hatt eit veldig arbeid med å stable på beina helgas KM i skiskyting. Men renn har det blitt, trass stor snømangel.

Halvor Larsen og Johannes Bøthun (t.h.).

TIDLEG UTE: Halvor Larsen og Johannes Bøthun (t.h.) gjer klar standplassen på Vik skisenter på Kålsete.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kring 500 kubikk tilkøyrt snø og pensjonistar med spade og snømåke er årsaka til at skiløypene på Kålsete ligg innbydande og klare for vel 160 løparar.

Legg ein til den vanlege førebuinga som skal til ved eit så stort arrangement, står krinsmeisterskapen fram som nok eit døme på dugnadsanda i vesle Vik.

– Vik er ei fantastisk bygd og kommune. Når vi skal ha slike store arrangement, så møter vi velvilje heile vegen, strålar leiar Jorunn Åsfrid Røyrvik i skiskyttargruppa.

Frakta snøen ut

Rut Solveig Netland gjer klar kiosken

DUGNAD: Rut Solveig Netland gjer klar kiosken til renndagen søndag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

For som resten av fylket låg det ikkje rare snølaget i løypene på skiskyttarstadion.

– Vi fekk utruleg god hjelp frå fleire entreprenørar, som stilte for å flytte snø frå verdas største produksjonsanlegg, Vikafjellet, til skisenteret vårt. Men ein ting er å frakte snøen ned, for i tillegg møtte ein god del pensjonistar med snøskuffe og spade, for å gje dei unge utøvarane best mogleg løype, fortel Røyrvik.

160 løparar

Jorunn Åsfrid Røyrvik

LEIAR: Jorunn Åsfrid Røyrvik, leiar skiskyttargruppa i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Skiskyttargruppa i Vik har siste åra tilhøyrt Hordaland krets, men med snømangel også i Sogn og Fjordane deltek fleire skiskyttarar frå fjordfylket.

Både laurdag og søndag stilte 160 løparar frå åtte årsalderen og oppover på startstreken. Og allereie tidleg søndag morgon var ein stor dugnadsgjeng i gang med å gjere stadion klar for dagens konkurranse.

– Funksjonærlista er ganske lang. Vi er vel 50–60 funksjonærar, alt frå kjøkkenteneste og ikkje minst på standplass. I tillegg kjem alle som er med på førebuingane innleiingsvis, seier ho.

Fjellet stengde

Etter brannen på Hopstock hotell for nokre år sidan, manglar Vik overnattingskapasitet. I tillegg til det attståande annekset fekk arrangøren stabla på beina fleire overnattingsplassar siste veka.

Då uver også stengde Vikafjellet laurdag, måtte ein gjennom ei ny ringerunde for å gje tilreisande hordalendingar tak over hovudet. Også det løyste seg.

– Heile Vik har stilt opp for arrangementet, seier Røyrvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Randi Skeie (t.v.) og Anne Sissel Hove

RENNKONTOR: Randi Skeie (t.v.) og Anne Sissel Hove på rennkontoret gjer klar til jaktstarten.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ventar tette duellar

Dermed skulle det meste vere klappa og klart for ein ny dag med spenning Kålsete søndag.

Til dømes i 14-årsklassa for gutar skil det 10–15 sekund mellom dei fire første ut på jaktstarten.

– Vi har sett mange gode prestasjonar i alle klassar, så det kan bli skikkeleg tøft i løypene i dag. Det blir artig å sjå. Eg ventar tette duellar, og det er jo litt spesielt med jaktstart. Det er veldig gøy for publikum å sjå. Førstemann i mål er jo den som sigrar, avsluttar Røyrvik.