Hopp til innhold

Hadde berre 4 timar og 45 minuttar kvile på 24 timar køyring - skulle hatt minimum ni timar

Sjåføren nytta seg av to sjåførkort for å omgå køyre- og kviletidene. Då han vart stoppa natt til tysdag, hadde han hatt berre 4 timar og 45 minuttar kvile dei siste 24 timane. Minstekravet er ni timar kvile.

Kontrollar Håbakken

SJEKKAR NØYE: Kontrollørane til Statens vegvesen har nok å hengje fingrane i. Også i natt kom dei over sjåførar som ikkje held seg til lovverket.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Han køyrde alt han hadde lov til på sitt eige kort, og så hadde han med

sjåførkortet til ein kollega. Når han ikkje kunne køyre lenger på sitt eige kort og hadde brukt opp tida si, så sette han inn kortet til kollegaen sin, og så heldt han fram køyringa, registrert som ein annan person, seier avdelingsingeniør i Statens vegvesen, Torgeir Bang.

Sjølv om sjåføren, som er polsk, men køyrer for eit norsk selskap, nytta seg av to sjåførkort, er det ingen heksekunst for kontrollørane til Vegvesenet å finne ut kor lenge han hadde køyrt.

Får ut all aktivitet

– Vi kan ta ut all aktivitet på køyretøyet. Det registrerer alt som skjer, uansett kven som køyrer. Vi får ut all køyringa han har gjort, og så må vi klare å bevise at det er han som har køyrt, og ikkje kollegaen. Men når kollegaen ikkje er med i bilen, og dei kjem frå eit land som er langt vekk, så skal det vel noko til om det er kollegaen som har køyrt, seier Bang.

Sjåføren gjekk med på at det var han som hadde køyrt.

Torgeir Bang

SER MYKJE: Avdelingsingeniør Torgeir Bang i Statens vegvesen fortel at kontrollane avdekkjer mange graverande forhold.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Han understrekar at dette er svært alvorleg.

– Når det gjeld trafikktryggleik, så er det forferdeleg dumt. Det er ein person som køyrer begge delane. Så han har hatt ein særdeles kort døgnkvile på 24 timar, og har vore på jobb veldig, veldig lenge. Det er farleg, rett og slett, seier Bang.

Er ille, men har sett verre

– Dette er ille, veldig ille. Men vi har sett verre. Vi har også sett same teknikken for å skjule brota sine, og kanskje endå grovare brot på kviletida i døgnet, seier Bang.

Ein annan sjåfør vart natt til tysdag stoppa på grunn av kabotasje.

– Han som er teken for kabotasje, har ikkje den dokumentasjon som skal til for at han skal få lov til å drive kabotasjetransport i Norge, seier Torgeir Bang i Statens vegvesen.

Kabotasje er transport mellom stadar i eit anna land enn der transportøren høyrer heime. Ein utanlandsk transportør kan berre frakte gods eller personar mellom to stadar i Norge dersom det er spesielle grunnar for det.

Transportørar frå EØS har likevel tilgjenge til å utføre mellombels kabotasje i Norge. Men det er vilkår som må liggje til grunn.

Kabotasjen må utførast med same køyretøy som vart brukt for den internasjonale transporten inn i landet. Det kan utførast maksimalt tre kabotasjeturar etter den internasjonale transporten inn i landet. Lossing etter den siste kabotasjeturen skal finne staden innan sju dagar etter at den internasjonale lasta vart levert.

Fekk totalt 32.000 i bot

I ein kontroll må sjåføren ha dokumentasjon på det dei har gjort tidlegare, og den må vere korrekt.

– Det hadde ikkje sjåføren, så då vart han politimeld. Han får heller ikkje lov til å fullføre lasset sitt, seier Bang.

Dei to sjåførane måtte tilbringe natta på Håbakken, i påvente av at politiet utferdinga bøter til dei. Konstituert lensmann i Lærdal og Aurland, Per Tomas Klingenberg, leverte dei bøtene i føremiddag.

– Juristen har sett på saka. Han som er stoppa for kabotasje, har fått 20.000 kroner i bot, og han som har brote køyre- og kviletida, har fått 12.000 kroner i bot, seier Klingenberg.

Må køyre tom ut av Norge

Sjåføren som vart stoppa for kabotasje, er polsk og køyrer for eit polsk firma. Mannen som har brote køyre- og kviletida, er frå Aust-Europa, men køyrer for eit norsk selskap.

Bilane måtte stå på Håbakken i natt, fram til Klingenberg kom med bøtene deira tysdag føremiddag.

– Vi fekk politimeldingane i løpet av natta. Den eine av sjåførane måtte ta døgnkvil. Han andre må berre vente på at han får lasta om, slik at han kan køyre tom ut att av Norge, seier Klingenberg.