Hopp til innhold

Køyrde 134 mil for å vise fram dette beistet

John-Egil Bustadmo hadde med seg 1.000 ekstra hestekrefter turen frå Harstad til Motorfestivalen i Stryn.

John-Egil Bustadmo

KLARE: John-Egil Bustadmo er klar for å vise fram både dragsteren og vogntoget til festivalpublikumet i Stryn. – Vi har sove oss opp ei veke før vi byrja å køyre, så no er vi klare for helga. No er det berre å pusse og gnikke, seier han.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Dragster

MONSTER: Det finnast nok både lengre og større køyretøy enn denne, men under panseret skjuler det seg 1.000 hestekrefter.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det er mykje tøft å sjå i Stryn, så eg tok med ein dragster eg har bygt sjølv. Det er kanskje første gang ein dragster er her, gliser John-Egil Bustadmo og stolt viser fram den avlange og råsterke doningen med 1.000 hestekrefter.

0–200 km/t på fem sekund

– Eg har berre testa den på 200-meterdistanse. Då gjekk den frå null til 200 km/t på fem sekund, legg nordlendingen til.

Saman med bror sin, Finn-Ero Bustadmo-Bottolfsen, har han siste året planlagt å vere med på den 12. utgåva av Motorfestivalen i Stryn.

Motorfestivalen i Stryn

SJÅ BILETA: Motorfestivalen i Stryn har sitt ivrige og entusiastiske publikum som gjerne har ein forkjærligheit for motorolje, polish og brummande motorar.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK
Denne helga er tusenvis av hestekrefter fordelt på over 200 køyretøy og vel 10.000 menneseke samla til motorfestival i Stryn.

Tysdag starta dei lastebilen i Harstad og tok til på turen sørover. Etter 134 mil på landevegen rulla dei inn framfor Strynehallen og slutta seg til over 200 køyretøy og vel 10.000 festivaldeltakarar.

Har gått 2.000.000 km

John-Egil Bustadmo

DRAUM: Sjølv om trekkvogna har gått over to millionar kilometer, var John-Egil Bustadmo aldri nervøs for å komme seg til Nordfjord. – Når den har gått så langt, så må den kunne klare ein svipptur til Stryn, seier han.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det var fantastisk å komme ned fjellet torsdag, i den fantastiske naturen som er her, seier Bustadmo som køyrde til Stryn i ein amerikansk slitar; ein 30 år gamal Freightliner med kilometerstand godt over snittet.

– Den har gått to millionar, er tøff i trynet går to millionar til, gliser Bustadmo som også kom til Stryn med ein stor tilhengar innreia med kjøkken, soveplassar og loungesalong.

Og så var det dragsteren.

– No er det berre polering att. Slike leiketøy må glinse ekstra for å gjere godt inntrykk på ein motorfestival. Det er venta mange tusen innom, så då må det sjå bra ut, fortel Finn-Ero.

– God stemning

Ketil Solvi-Olsen opna Motorfestivalen

OPNA: Ketil Solvik-Olsen stod for den offisielle opninga av den 12. Motorfestivalen i Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Blankpolert var også køyretøyet Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen sette seg i då han opna festivalen med tusenvis av hestekrefter samla på ein stad.

– I dag er vi her for å feire bilen og lastebilen som hobby, sa Solvik-Olsen.

Ei av dei som jobbar frivillig for at folk svake for motorolje, polish og brummande motorar skal få gjere nett det, er Torunn Egge.

– Dette er så kjekt. Det er så god stemning frå dei kjem til dei reiser, fortel Egge medan ho dirigerer på plass lastebil på lastebil ved Strynehallen.

Gler seg til paraden

Black Rose frå Sykkylven

UTSMYKKA: Det er ikkje noko så seie på utsmykkinga av «Black Rose» frå Sykkylven.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Egge reknar laurdagens parade med veteranbilar og trekkvogner som helgas høgdepunkt. Då rullar 65 bilar gjennom gatene i Stryn, til stor glede for 10-12.000 publikumarar.

I løpet av helga blir det ei rekkje aktivitetar, med utstillingar, premieringar av køyretøy og «burnout».

– Paraden er ei oppleving. Det trur eg blir høgdepunktet. No er det avgrensa til 65 bilar som får køyre, men det er bra det. Så er det heller ikkje alle som kan køyre av omsyn til køyre- og kviletidsreglane, avsluttar Egge.