NRK Meny
Normal

Krangla på lasermåling - no må MC-sjåføren betale bota

Ein 55 år gammal motorsyklist frå Hordaland er i Fjordane tingrett dømd til å betale ei bot på 11.000 kroner.

Mannen blei stoppa i Høyanger i juni, etter at farten hans blei målt til 117 km/t. Fartsgrensa på staden er 80 km/t.

Motorsyklisten vedtok ikkje førelegget på 9.000 kroner, og måtte difor møte i Fjordane tingrett.

Erklærte seg ikkje skuldig

Mannen la ned påstand om å bli frifunnen, og forklarte i retten at han hadde køyrt forbi ein annan bil like før han blei stansa.

Han fortalde at han fekk ei grundig utgreiing om måleresultatet av politiet der han også fekk sjå gjennom laserapparatet sjølv.

Motorsyklisten reagerte på at han aldri fekk sjå det konkrete måleresultatet på laseren, og stilte då spørsmål ved om farten hans i det heile tatt blei målt. Han forklarte også at han fekk inntrykk av at resultatet ikkje kunne hentast fram att.

Gjennomførte kontrollhandlingar

Politiet på si side stadfesta at det blei utført kontrollhandlingar før og etter fartskontrollen. Resultatet av desse blei oppført i eit loggskjema.

Det blei heller ikkje avdekka feil ved apparatet i samband med kontrollane. Politiet har notert måleresultatet i laserloggen.

I tillegg er det kryssa av at mannen har fått vist fram resultatet.

Stolte på politiet

Fjordane tingrett fann det bevist utover ein kvar rimeleg tvil at det blei gjort ei måling av farten til den tiltalte.

Retten la også vekt på at det i instruksen ved fartskontrollar står at ein bør vise fram måleresultatet der dette er praktisk mogleg, men sidan dette er ein bør-regel kan det ikkje føre til at målinga blir sett til side.

I tillegg til at mannen må betale bot eller sone 22 dagar i fengsel, mister han også førarkortet i to månader, og må ut med 2.000 kroner i sakskostnader.