NRK Meny

Kostnadssprekk på 16 millionar

Det blir 16 millionar kroner dyrare enn budsjettert å rehabilitere det nær 40 år gamle symjebassenget i Aurland. Det skriv Sogn Avis. Bassenget ber preg av elde og skadar og politikarane gjekk i fjor inn for å rehabilitere for 43 millionar. No som anbodsrunda er over viser det seg at kalkylane var vel optimistiske. Totalprisen er no oppe i 58,5 millionar kroner.