Leiaren i Samferdsleutvalet, Arnstein Menes frå Senterpartiet, seier dette er pengar ein ikkje finn på dagens budsjett. Dermed blir det mindre til andre gode føremål.
– Det er ein auke vi ikkje har lagt inn i budsjetta våre framover. Så dette blir nok eit tillegg til dei nedtrekka vi har frå før, seier Menes.
- LES OGSÅ: Slik vil kutta ramme deg
I eit fylke med rift om kvar ei krone til samferdsle er det ikkje godt nytt at ferjene blir mykje dyrare i åra som kjem.
I vår blei det klart at Fjord1 skal drive fylkeskommunen sine ferjer. Men prisveksten er formidabel. Politikarane har i sine langtidsplanar lagt inn ein buffer på fem millionar kroner. Men fylket si samferdsleavdeling seier no til NRK at auken vil bli minst 25 prosent, eller 23 millionar kroner.
– Veldig tøff prosess
I tillegg skal ferjesambandet Daløy-Haldorsneset avgjerast neste år. Held utviklinga fram vil den samla auken kunne bli heile 30 prosent. Det kan bety utgiftsvekst på opp mot 30 millionar kroner.
Kostnadssmellen kjem på toppen av at regjeringa, saman med Venstre og KrF, alt har pålagt fylkeskommunen kutt i inntektene på 234 millionar kroner. Det gjer at både vegbygging og vidaregåande skular alt står i fare.
– No er vi inne i ein veldig tøff prosess der vi skal kutta så mykje dei neste åra. Eg ser umiddelbart ikkje ei løysing på dette, seier Arnstein Menes.
(Artikkelen held fram under tabellen)
Vanskeleg å kompensere utgiftene
Veksten i ferjeutgifter kjem likevel ikkje heilt uventa. I fjor blei det klart at Møre og Romsdal fekk ein utgiftsvekst på om lag det same.
– Dette er vel tal vi kanskje kunne forventa etter det vi har sett i andre fylke nær oss, men dette er likevel alvorleg for oss.
– Er det mogleg å få kompensert denne utgiftsveksten på nokon måte?
– Vi må sjå nærmare på det etter kvart, men ut ifrå det vi forstod når det nye inntektssystemet kom i vår, ser det ikkje ut til at dette er noko vi kan legge over på andre.
Vil ikkje kritisere partifellar i regjeringa
Gruppeleiar for Høgre på fylkestinget Noralv Distad likar heller ikkje tala som kjem.
– Det er ein kostnadsauke som er veldig utfordrande i den økonomiske situasjonen me er i. Det blir knappare rammer framover, og det er ei stor utfordring.
– Dette skjer på same tid som regjeringa og stortingsfleirtalet tok ned inntektene til fylkeskommunane, mellom anna med bakgrunn i at dei meiner at ferjedrifta var overkompensert. Og så skjer dette her. Korleis ser det ut?
– Me meiner jo at tilskotet vert teke altfor mykje ned. Eg meiner me framleis må ha ein kommunikasjon inn mot staten for å vise ting som slår uheldig ut, seier Distad.
– Har regjeringa svikta fylket her?
– Nei, eg vil ikkje sei at regjeringa har svikta, men me forventar at regjeringa gjennomfører det som er eit ynskje frå Stortinget og frå Sogn og Fjordane, nemleg å legge til rette for gode rammevilkår slik at me får bygga bruer som avløyse ferjer.
- LES OGSÅ: Får likevel ferjeavløysingsmidlar
- LES OGSÅ: Laus og uforpliktande lovnad frå regjeringa
- LES OGSÅ: Ferjeavløysingsordninga framleis i det blå
Ferjeavløysingsordninga er ei ordning der ein vidarefører ferjetilskotet i minst 40 år når det blir bygd bru eller tunnel for å erstatte ei ferje.
Kan bety fleire bruer
For både Distad og Menes ser eit lyspunkt i det heile. Dei mange bruentusiastane i fylket kan ha sikra seg betre kort på handa når ferjene blir dyrare.
– No får vi sjå kva regjeringa kjem med som endeleg løysing for ferjeavløysingsmidlane. Det stranda litt sist, så eg er veldig spent på kva som kjem der, seier Menes.
– For uansett om det er bruer eller ferjer så må vel pengane ut ein eller annan stad?
– Ja, det er klart dei må det. Så lenge fylkeskommunen er eigarar er det vi som må låne pengane, og akkurat no har ikkje vi kapasitet til å låne pengar, seier Menes.