Norsk Marin Yngel var draumen om eit torskeyngel-eventyr i Bremanger. Verksemda var på lista over vellukka prosjekt som Bremanger Vekst var med på starte opp, og den skulle vere med når oppdrett av torsk tok av.
1300 per innbyggjar
På det mest optimistiske var det tale om 90 tilsette ved verksemda, som også fekk store beløp i stønad frå Innovasjon Norge. Men trass vidløftige planer tente dei aldri pengar, og tidlegare i år gjekk dei konkurs. For Bremanger Kommune vart det eit tapssluk.
I tillegg til tap av aksekapital forplikta kommunen seg til å dekkje 700.000 kroner ved ombygging av ein låve då selskapet flytta inn. Dermed blir den kommunale rekninga for yngeleventyret på i alle fall 5,7 millionar kroner. Noko som tilsvarar dryge 1300 kroner per innbyggjar.