Hopp til innhold

Kostar staten 750 millionar

Ferdigbehandla pasientar på sjukehusa i Norge er svært dyrt. No vil fagdirektør endre regelverket i kommunane.

Asbjørn Opedal

Asbjørn Opedal er klar for å reise heim etter behandlinga på Førde sentralsjukehus. Men heimkommunen hans har ikkje kapasitet til å ta imot han. Dermed vert han liggande i sjukehussenga.

Foto: Bård Siem / NRK

- Eg synest det er dårleg. Dei byggjer ned heile systemet. Det er ikkje sjukeheimar nok til folk som kunne vore på rehabilitering, seier 79 år gamle Asbjørn Opedal frå Gaular.

Kostar 750 millionar

Asbjørn Opedal

Det vert lange dagar når ein ligg ferdigbehandla på sjukehus. Asbjørn Opedal vil heim, men heimkommunen Gaular har ikkje kapasitet til å ta vare på han.

Foto: Bård Siem / NRK

Han er ein av svært mange som ikkje får kome heim etter behandling på sjukehus.

Medan kommunane sparer store pengar på å la utskrivingsklare pasientar ligge på sjukehusa, får staten ekstrautgifter på 750 millionar kroner årleg.

Opedal ligg og slappar av i senga på ortopedisk avdeling på Sentralsjukehuset i Førde.

Han fall stygt i ei rulletrapp og har fått god behaldling for skadene. Behandlinga var imidlertid over for fleire dagar sidan, og skulle han vore over i kommunal reabilitering.

Har ikkje kapasitet

Men heimkommunen har ikkje kapsitet til å ta imot han. Dagane utan at det skjer noko blir difor lange på det kvite og sterile pasientrommet.

Han skulle vore utskriven frå sjukehuset i Førde for fleire dagar sidan, men heimkommunen Gaular har ikkje plass til han.

- Det vert lange dagar og netter her, seier han.

Men Opedal er lagt frå åleine om å liggje på overtid på sjukehuset.

Ansvarleg etter 10 dagar

Hans Johan Breidablikk

Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablikk vil ha endring i regelverket for kommunane.

Foto: Helse Førde

Tal frå Helse- og omsorsgsdepartementet viser at utskrivingsklare pasientar utgjer 145.000 årlege liggedøgn, ein ekstrakostnad på 750 millionar kroner for staten.

Først etter at pasientane har ligge meir enn 10 dagar for lenge på sjukehuset, er kommunane ansvarlege for utgiftene. Men i samband med samhandlingsreformen er det føreslått at kommunane skal betale frå dag ein. Dette støttar fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablikk, fullt ut.

- Eg trur ikkje det er nokon veg utanom at regelverket vert endra. Det må kome ei anna organisering, seier han.

Tek opp seks plassar

Breidablikk fortel at dei utskrivlingsklare pasientane kontinuerleg tek opp seks senger ved Sentralsjsukehuset i Førde, noko som fører til lengre ventelister og fleire korridorpasientar.

- Eg trur kommunane må vere pliktig til å ta imot pasientane. Dei må også syte for å ha ei ekstraseng ledig, og i nokre tilfelle må dei finne seg i at det vert overbelegg, seier fagdirektøren.

På ortopedisk avdeling har dei ofte ferdigbehandla pasientar som tek opp senger.

- I dag hadde vi vel fem korridorpasientar på grunn av dette.

Dårleg for pasientane

Olav Lunden

KS-leiar Olav Lunden seier kommunane må klare å ordne opp i pasientproblemet.

Foto: Leikanger kommune

Fylkesleiaren i KS i Sogn og Fjordane, Olav Lunden, likar ikkje situasjonen og er klar på at kommunane må ta imot og gje eit skikkeleg tilbod til dei utskrivingsklare sjukehuspasientane.

- Det er ikkje bra for pasientane og vi må finne løysingar på det. Eg oppmodar kommunane om ta dette på alvor, seier Lunden.

Opedal meiner politikarane må priotere annleis.

- Dei må ha plassar til folk treng rehabilitering.

Førde sentralsjukehus

Opedal har vore på Førde sentralsjukehus lengre enn han treng. Slik er det for mange pasientar ved sjukehuset. Det fører til fleire korridorpasientar.

Foto: Cosmin Cosma / NRK