Normal

Kostar Helse Førde ti mill. i året

Yngre Legers Forening i fylket går ut mot statsråd Heidi Grande Røys (SV) etter at ho greip inn for å berge lokalsjukehuset i Florø.

Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Statsåd Heidi Grande Røys (SV) får kritikk for å stogge salet av sjukehuset i Florø.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Då Helse Førde ville selje sjukehusbygget i Florø for å bøte på stram økonomi, ringde Grande Røys sporenstreks til helseministeren og fekk stogga salet i heimkommunen hennar.

Fylkesleiaren i Yngre Legers Forening, Thomas Birkenes, meiner det er kritikkverdig av ministeren å overprøve styret i Helse Førde.

- Dette resulterer i ein ekstrautgift kvart år på ti millionar kroner for Helse Førde, som vil gå utover pasientbehandlinga. Dette er pengar som må sparast inn på andre område, seier han.

- Eg reagerer på at vi har ein statsråd, som eigentleg ikkje er helserelatert, som går inn og stoggar salet av nærsjukehusbygget i Florø. Mot det som er bestemt av styret i Helse Førde, legg Birkenes til.

Sjølv tek Grande Røys kritikken med knusande ro, og tykkjer det er rart om det er legeforeininga sin politikk å forsvare at bygget ikkje vart seld til Flora kommune, som ville halde fram med å drive helsetenester i bygget.

Flora ville kjøpe bygget for ein symbolsk sum. Helse Førde kunne med det tapt 30 millionar kroner, samanlikna med sal til andre.

- Det er meiningslaust å selje sjukehusbygg til private aktørar, all den tid vi treng sjukehusbygget til å levere helsetjenester til innbyggjarar i Sogn og Fjordane. Det er meiningslaust i seg sjølv. Det ville også bryte med den regjeringsplattforma som vi har og som seier at ingen sjukehus skal byggjast ned, seier Grande Røys.

Vegopning på Bergum i Førde kommune