Hopp til innhold

Kosar du deg i kulda? Del bilete av frost og vinter med oss!

Kulden og klarvêret gir opplevingar på skøyteisen og ikkje minst fantastisk flotte naturbilete. Har du tatt nokre vinterlege bilete, så kan du lett dele dei med oss!

Blånibba i Gloppen
Foto: Marianne Kvame

Det er mange som har henta fram skøytene sine for å utnytte dei mange fine isflatene som naturen no byr fram. Men Rune Dale frå Dale i Sunnfjord reiv like godt i splitter nye og moderne klappskøyter.

– Eg såg langtidsvarselet, og eg har lenge tenkt på å kjøpe meg nye, så dermed bestilte eg. I går fekk eg dei, og då tok eg med meg ei øks og gjekk opp til Stavtjørna mellom Dale og Flekke.

Der fann han isen trygg nok, og i går kveld la han ut bilete av ei av skøytene på Facebook, med teksten: «Med nye skøyter på jomfrueleg is. Nokså nær himmel på jord».

– Det var nesten som å vere 12-13 år igjen. Det var grådig kjekt. Eg kjenner det litt i muskulaturen i dag, men eg har tenkt meg på Stavtjørna i dag og, seier Dale, som har runda 60.

Nyinnkjøpt klappskøyte

– SOM 12-ÅRING IGJEN: 60 år gamle Rune Dale kjøpte seg nye klappskøyter. Jomfruturen gjekk torsdag ettermiddag.

Foto: Rune Dale

Jon Navarsete i Sogndal har også runda 60, men fann fram sine gode, gamle Ballangrud-skøyter og tok turen ut på Barsnesfjorden i går.

– Det er lite som kan måle seg med å gli rundt på stålis, mange stader var det så klart at vi kunne sjå botnen under oss.

Han hadde med seg sambuar Olga Lobko ut på stålisen. Han har delt bilete frå opplevinga med oss. Det kan du og gjere, men det treng slett ikkje vere berre skøyteaktivitet. Det kan gjerne vere innomhus med god fyr i omnen.

Olga

KLAR FOR BARSNESFJORDEN: Olga Lobko gjer seg klar til årets første økt på skøyter.

Foto: Jon Navarsete

Del dine bilete!

Så dersom du nyt beinfrosten, anten ute eller inne, så kan du dele det med oss!

Har du tatt nokre blinkskot? Del dei med oss på Instagram med #nrksf. Du kan også sende dei til sffoto@nrk.no.

Vinter på Filefjellet

KALDT OG FLOTT: Denne naturopplevinga er foreviga på Filefjellet.

Foto: Jan Christian Jerving
Laster innhold, vennligst vent..